Småfe
Andre Tisthamar
Mobil: 918 75 502
Epost:

Sauen treng både energi og protein i fôret, men og ulike mineral og vitamin. Norsk grovfôr kan vera fattig på forskjellige mineral og vitamin. Her er nokre typiske situasjonar der det kan oppstå mangelsjukdomar:
•Lam i vekst er mest utsett. Unge dyr er også meir utsett for parasittar, noko som kan gje mangelsjukdomar. God mineral- og vitaminstatus hjå søya i drektigheita er viktig for å unngå mangelsjukdomar hjå lamma.
•Vaksne dyr kan òg få mangelsjukdomar, spesielt i siste del av drektigheita og fyrste del av laktasjonen, fordi fostervekst og mjølkeproduksjon krev store omstillingar i fôring og er veldig krevjande for søya.
•Besetninger som bruker lite kraftfôr og mineraltilskot.
•Område der jordsmonnet er fattig på visse mineral.
•Gjødsling kan forskyva balansar, og mykje av eit element kan hemma opptak av andre.
•På innefôring med tilskotsfôr kan ein òg koma skeivt ut ved å tilsetja for mykje eller for lite av visse element.
Minerala kan delast inn i makromineral og mikromineral (sporele- ment). Orda makro og mikro seier noko om mengda som trengst i fôret, og ikkje kor viktige dei er. Makromineral er dei minerala dyra treng mest av og behovet blir ofte oppgjeve i g per dag eller g per kg tørrstoff. Mikrominerala treng sauen berre små mengder av i fôret, og behovet blir ofte oppgjeve som mg pr dag eller mg pr kg tørrstoff. Drøvtyggjarane produserer mange av vitamina dei treng sjølve ved hjelp av mikrobene i vomma.
MakroMineral
Alle dei sju makrominerala er viktige for sauen: Kalsium (Ca), fosfor
(P), magnesium (Mg), natrium (Na), klor (Cl), kalium (K) og svovel (S). Mangel på kalsium og magnesium er mest vanleg.
Kalsium og vitamin D
akutt kalsiummangel hjå søye (mjølkefeber)
Kalsium er saman med fosfor ein viktig bestanddel i skjelettet, og er naudsynt for muskelfunksjonar og overføring av nerveimpulsar. Sauen har eit innfløkt system av mekanismar som sikrar at kalsiu- minnhaldet i blodet blir halde stabilt og at den tek opp meir kalsium frå fôret og mobiliserer frå skjelettet når behova er store. Desse mekanismane omfattar vitamin D og forskjellige hormon. Behovet for kalsium til fostervekst og mjølkeproduksjon er mykje større enn det som blir teke opp frå fôret, og for å dekkje behovet må søya hente ut kalsium frå lageret i skjelettet. Mjølkefeber oppstår når reguleringsmekanismane sviktar, slik at kroppen ikkje klarar å halde kalsiumnivået i blodet stabilt. Stresspåkjenningar kan bidra til å utløysa sjukdom hjå «dyr som ligg på vippen» fordi stresshormona endrer kalsiumfordelinga i kroppen slik at kalsiumnivået i blodet søkk.
Førekomst
Mjølkefeber førekjem frå ca. seks veker før lamming og opp til fleire veker etter lamming. Sjukdomen kan oppstå under tilhøve med underfôring eller generelt dårleg fôr, men førekjem helst ved bråe fôrskifte og i samband med stresspåkjenningar (driving, samling, kaldt vær, klypping). Risikoen for sjukdom aukar med aukande alder og lammetall, og hjå magre og svært feite søyer.
Symptom
Symptoma startar med nedsett matlyst, og søya vert ustø, får små muskelsitringar og blir gradvis meir slapp. Etter kvart får søya lammelser og vert liggjande, ofte med bakbeina strekt ut bakover. Kroppstemperaturen er normal eller litt nedsett og vomrørslar og avføring er redusert eller opphørt. Ho har ofte anstrengt pust (lunge- ødem). Utan behandling vil søya døy etter nokre få timar til eit par dagar. Sjukdommen kan vera vanskeleg å skilja frå fosterforgiftning (ketose) og magnesiummangel.
Behandling
Det er viktig at ein startar behandling så tidleg som mogleg i sjuk- domsforløpet. Søyer med mjølkefeber svarar som regel raskt på behandling med kalsium (injeksjon direkte i blodet og under huda), medan søyer med ketose kan vera vanskelege å behandla. Nokre gonger kjem det tilbakefall, slik at det er nødvendig med fleire behandlingar.
Førebyggjing
Fôring
Jamn fôring med stabil god fôrkvalitet er viktig, og søyene bør få tilskot av mineral og vitamin gjennom heile innefôringsperioden. Bråe fôrskifte, som til dømes for rask opptrapping med kraftfôr, bør unngås. Jamt hold i holdklasse 3 - 3,5 er tilrådd gjennom heile drek- tigheita.
Hjå mjølkekyr er det kjent at høgt kaliuminnhald i fôret i tida før kalving kan auke risikoen for mjølkefeber. Det er lite undersøkt om dette kan overførast til sau, men i flokkar med mykje mjølkefeber er det grunn til å ta ut fôrprøve med mineralanalyse og justere gjøds- linga dersom kaliuminnhaldet i grovfôret er for høgt. Ut frå erfaringar på storfe, bør ein unngå kaliumrikt fôr i risikoperioden for mjølke- feber, og samstundes sikra at dyra har nok magnesium og salt.
Miljøtilhøve
Stabile tilhøve i miljøet med lite stress betyr mykje for å unngå sjukdom. Handtering av søyene i siste del av drektigheita bør redu- serast til eit minimum, og gjerast roleg og skånsomt. Handteringa vil bli mindre stressande for flokken når sauene er tamme. Ein bør unngå å klyppe siste månaden av drektigheita og i kalde perioder, og det bør gå minst eit par dagar mellom klypping og vaksinering. For å redusere temperaturovergangen rett etter klypping, kan ein strø med halm, sette opp ei presenning for å hindre trekk og liknande. Lufting av sauene ute i dagsljos i fint vær verkar positivt, sidan solljos fører til produksjon av vitamin D i huda.
Lammetal
Ved mykje mjølkefeber i flokkar med høgt lammetal, bør ein vurdere tiltak for å redusera lammetalet.
kalsium- og vitamin D-mangel hjå lam
Lam som står lenge inne om våren, kan i sjeldne tilfelle få vitamin D-mangel. Årsaka er mangel på solljos og produksjon av vitamin D i huda, og eventuelt at vitamin D-innhaldet i fôret til søya er lågt. Vitamin D-mangel kan gje kalsiummangel, fordi vitamin D er viktig for omsetninga av kalsium i kroppen.
Symptom
Slike lam får plutseleg epilepsiliknande kramper, men etter ei stund kan dei reisa seg, rista på seg og vera normale. Ved litt påkjenning kan dei få kramper att. Dersom dei ikkje blir behandla, vil dei stryke med. Krampene utløysast ofte når lamma blir stressa, til dømes i samband med fôring.
Behandling og førebyggjing
Behandling med kalsium og vitamin D (injeksjon) har som regel rask effekt. Førebyggjing kan omfatte utslepp i dagsljos på fine dagar.
rakitt - hjulbeinte lam
Rakittliknande sjukdom med skeive bein (”bent leg”) førekjem av og til hos lam, helst på kopplam, men også hos lam som pattar mora. Gradvis meir misdanna bein, først og fremst framføtene, er det viktigaste symptomet. Sjukdomen kjem av mangel på vitamin D, eller kalsium, eller helst ubalanse mellom kalsium og fosfor i fôret eller mjølka (mykje P i høve til Ca). Riktig ernæring, sollys og godt høve til å røre på seg førebyggjer.
Fosfor
Fosfor er ein viktig byggjestein i skjelettet, og er også viktig for syre/
base-balansen og energi- og proteinstoffskiftet. Rein fosformangel ser ein knapt i dag på norske sauer. På fôring med ekstremt låge fosforverdiar, kan ein få redusert fôrfordøyeligheit og redusert appe- titt. Tarmparasittar kan også gje fosformangel. Lågt fosforinnhald i blodet ser ein hjå søyer med mjølkefeber, men dette er ein fylgje av mjølkefeberen. Dersom ein fôrar einsidig med halm, kan ein teore- tisk få fosformangel, men dette kan ein lett rette på ved å gje kraftfôr eller tilgang på godt beite.
Magnesium
Magnesium er viktig for vekst av protein og bein, immunforsvaret og
muskelaktivitet. Akutt magnesiummangel («graskrampe») oppstår når magnesiuminnhaldet i blodet blir for lavt. Sauen har berre små tilgjengelege reserver av magnesium i kroppen og er difor heilt avhengig av jamn tilførsel i fôret. Høgt kalium- og proteininnhald i fôret vil redusera opptaket av magnesium, medan natrium (salt) aukar opptaket. Endringar i pH i vomma, og totaltilbodet av magne- sium i fôret, betyr mykje for kor mykje magnesium som blir teke opp. Bråe fôrendringar kan difor ha dramatisk effekt.
Førekomst
Graskrampe er relativt sjeldan hjå sau, men kan opptre som eit besetningsproblem i einskilde flokkar. Problemet er ofte knytt til gardar eller beite med magnesiumfattig jordsmonn. Graskrampe opptrer ofte hjå lakterande søyer på vårbeite. Då har ein høgt kalium- og proteininnhald i graset, bråe fôrskifte med endringar i pH i vomma og varierande tilbod av magnesium. Ved stress (handtering, transport, beiteslepp, fôrskifte, kulde) kan ein få tap av magnesium frå blodet, og det kan utløyse sjukdom. Risikoen for sjukdom aukar med aukande lammetal og alder.
Symptom
Søya vert nervøs, har småskjelvingar i muskulaturen, gjerne i hovudet, har problem med å røra seg, men kan av og til gå ukoor- dinert med stive bein. Etter kort tid vert ho liggjande på sida med krampeliknande rørsler, ofte med alle fire bein, hovud og nakke strekt. Sjukdommen kan utvikla seg så brått, og søya kan dø så fort, at ein ikkje ser symptom i det heile tatt, ein finn berre søya daud på beitet. Ei kronisk form kan opptre hjå sau om vinteren ved svært dårlege fôringstilhøve.
Behandling og førebyggjing
Dersom ein kjem tidleg til med behandling av sjuke søyer, kan ein få god effekt. Ein behandlar gjerne med ein kombinasjon av magne- sium og kalsium (injeksjon i blodet og under huda).
Tilførsel av natrium (saltslikkestein el.l), trevlerikt fôr, jamn fôring, gradvis utslepp med tilvenning til beite og minst mogeleg akutt stress, er viktig for å førebyggja magnesiummangel. I risikoflokkar kan ein gje magnesiumrikt mineraltilskot på vårbeite. Men altfor mykje magnesium er ikkje heldig og kan gje diaré. Vêrar skal ikkje ha ekstra magnesium då dette kan føre til urinstein. Dersom jorda har veldig lav pH, bør det bli kalka sidan lav pH reduserer opptaket av magnesium i plantene. Dolomittkalk inneheld relativt mykje magnesium, så dette vil vera et godt val dersom det i tillegg er lite magnesium i jorda. Innhaldet i graset kan også aukas ved å bruke kunstgjødsel som inneheld magnesium, noko dei fleste fullgjødsel- typene gjer. Det finst også rein mangnesiumnæring. Ein bør unngå gjødsling med for mykje kalium og nitrogen.
Natrium og klor
Natrium og klor (salt) er saman med kalium viktig for væsketrykket
i kroppen. Sauene blir sjeldan sjuke ved mangel, men det kan gje dårleg appetitt og nedsett mjølkeproduksjon og tilvekst. Beite- planter og grovfôr inneheld ofte for lite natrium og klor til å dekkje behovet, og sauen treng difor som regel tilskot av salt både inne og på beite. Saltinnhaldet i plantene er høgare heilt ute ved kysten enn i innlandet fordi det vil drive inn salt frå havet, og i område rett ved sjøen er det ikkje sikkert at det er behov for tilskot. Sauen er i stand til å regulere natriuminntaket etter behovet, og blir ivrig etter salt («saltsvolten») når behovet ikkje er dekka. Ved å tilby sauene tilskot og sjå om dei et, så vil ein få svar på om det er nødvendig. Tilskot kan ein enklast gje gjennom saltslikkestein.
Kalium
Normalt er kaliuminnhaldet i fôret mange gonger høgare enn
trongen, og mest alt kalium som dyra et, vert teke opp, så mangel er lite aktuelt hjå sau.
Svovel
Svovel inngår i mange protein i kroppen, og er viktig for ullproduk-
sjonen. Ved mangel på svovel får ein difor sekundær proteinmangel, med nedsett produksjon av ull og dårleg kvalitet på ulla, nesten som ved kronisk koparmangel. Redusert appetitt, tilvekst og mjølkepro- duksjon kan òg vera symptom. Svovelmangel hjå sau er ikkje vanleg i Noreg. Svovelinnhaldet i grovfôr og beitegras er ganske stabilt, og dei geografiske variasjonane er små.
MikroMineral
Dei mikrominerala som det kan bli mangel på hjå sau er: Kobolt (Co),
koppar (Cu), selen (Se), jod (I), molybden (Mo), jarn (Fe), sink (Zn) og mangan (Mn). Her i landet er det mangel på kobolt, koppar, selen og jod som betyr mest.
Kobolt og vitamin B12
Sauen treng kobolt som byggestein i vitamin B12 og koboltmangel
er eigentleg mangel på vitamin B12. Vitamin B12 er viktig for ener- giomsetjinga i cellene, for proteinomsetjing og celledeling. Sauen får i seg kobolt frå fôret og lagar sitt eige B12 i vomma. Før lammet er blitt fullt utvikla drøvtyggjar ved 2-3 månaders alder, må det ha tilført ferdig vitamin B12. Det får lammet gjennom råmjølka, som dei fyrste døgra etter fødsel er rik på vitamin B12 dersom søya har fått tilstrekkelig tilførsel av kobolt i drektigheita. Vitamin B12 blir lagra i levera til lammet etter inntak av råmjølk.
Førekomst
I Noreg førekjem mangel helst hjå lam som beiter på kalka og gjødsla kulturbeite/grasbeite langs kysten, spesielt på Vestlandet og nokre stader langs kysten av Nord-Noreg. Dersom sauen berre går på innmarksbeite, kan ein ikkje sjå bort frå at det kan oppstå koboltmangel også på Austlandet. Ei kartlegging av sporelement- innhaldet i beiteplanter og leverprøver frå sau syner at lauv (m.a. vier og bjørk) inneheld mykje kobolt, og ein ser vanlegvis ikkje kobolt- mangel hjå lam som går på fjellbeite, skogsbeite eller andre varierte utmarksbeite. Det er mange faktorar som verkar på koboltopptaket i plantene: Sandjord, mykje regn, høg pH i jorda og høgt kalsiuminn- hald i graset, bladrikt beite og godt drenert jord er kjenneteikn på mangelbeite. Beite med raigras, lågt kopparinnhald i jorda og høgt sukkerinnhald i beitegraset har òg vore fellestrekk ved mangelbeite hjå oss. I strok med marginale koboltverdiar i graset, kan kalking og bruk av kalksalpeter vere den faktoren som tippar balansen over i koboltmangel. Sjukdom i laupen og tarmen, til dømes parasittar, kan hemma produksjon og opptak og gje sekundær B12-mangel.
Symptom
Symptoma er uspesifikke. I alvorlege tilfelle vert lamma utrivelege allereie ved to månaders alder, dvs. i juni-juli. Meir vanleg er redu- sert tilvekst utpå seinsommaren og hausten. Symptom er avkrefting, dårleg appetitt, lite og turr ull, småskorper på øyrene, renning frå augo og apati. I alvorlege tilfelle blir det leverskade (kvitlever- sjuke). Koboltmangel kan også føre til at lamma kjem seint i puber- teten. Sjukdommen kan vere vanskeleg å skilja frå parasittangrep eller mangel på andre mineral. Koboltmangel hjå vaksne sauer kan gje dårleg fruktbarheit og tidleg fosterdød. Lamma kan ha redusert leveevne.
Behandling
Sjuke dyr bør bli behandla med vitamin B12 (injeksjon). Dyr som ikkje er så alvorleg sjuke, kan få kobolt dosert i munnen.
Førebygging
Tilskot til søyer i innefôringsperioden
For å førebyggje mangel hjå lamma er det viktig at søyene får tilskot av kobolt i form av kraftfôr og/eller mineraltilskot i drektigheita. Det er også viktig at lamma får i seg nok råmjølk.
Tilskot til lamma i beiteperioden
I område/besetningar der koboltmangel er påvist, kan ein gje kobolttilskot til lamma i beiteperioden. Det finst fleire alternativ:
•Dosering av lamma med koboltbolus, men då må lamma vera
over to månader gamle ved dosering og ha utvikla vom. Bolusen blir liggande i nettmagen og vil gradvis løysast opp og frigi kobolt i ein viss tidsperiode.
•Saltslikkestein og/eller mineralstein inneheld kobolt og kan brukast som tilskot i beiteperioden.
Gjødsling
For å auke koboltinnhaldet i beitegraset på innmarka og i grovfôret, er det aktuelt å gjødsle med kobolt. Det einaste alternativet per i dag er Heilgjødsel 18-1-10 med kobolt produsert av Norsk naturgjødsel. Koboltinnhaldet i gjødsla kan tilpassast etter behov.
Koppar
Koppar er viktig for funksjonar i nervesystemet, danning av bein,
immunforsvaret, ullveksten, melting i tarmen og motstandskraft mot tarmparasittar. I Noreg oppstår kopparmangel som regel fordi grov- fôret eller beitegraset har høgt innehald av mineral (molybden, og eventuelt svovel og jarn) som hemmar sauen sitt opptak av koppar.
På den andre sida er sauen under visse tilhøve ekstremt sårbar for kopparforgifting. Dette skuldast at sauen har stor evne til å lagre koppar i kroppen, medan evna til å regulere utskiljinga er liten, og vaksne søyer i nokre område kan få opphoping av koppar i levra. Slike dyr kan bli brått sjuke og dø av kopparforgifting. Kopparfor- gifting er sjeldan i dag, men kan opptre i einskilde område. Det er raseforskjellar når det gjeld kor mykje av kopparet i fôret som blir teke opp, og kor mottakelige sauene er for forgifting.
Førekomst
Kopparnivået i beiteplantar og grovfôr er ganske likt over heile landet, men molybdeninnhaldet varierer. Difor er det stor variasjon i kopparforsyninga til sau mellom ulike deler av landet og ulike beite- forhold. Risikoen for kopparmangel ser ut til å vera størst hjå lam som går på innmarksbeite i nokre område, mest langs kysten av Sørlandet, Vestlandet opp til Sogn, Lofoten og Vesterålen. I indre delar av Austlandet, Møre, Trøndelag, Nordland og Troms ser det ut til å vere større risiko for kopparopphopning.
Symptom
Kopparmangel hjå søyer i drektigheita kan gje alvorleg hjerneskade på fosteret. Lamma vert fødde med dårleg balanse og eventuelt lammingar i bakparten (såkalla «swayback»). Ved ein mindre alvorleg mangel, kan lamma få liknande symptom når dei er fleire veker gamle. Båe desse tilstandane er svært sjeldne i Noreg, men er sett nokre få gonger på Vestlandet.
Kopparmangel i beiteperioden kan gje dårleg tilvekst, ullforand- ringar (tørr, livlaus og avbleikt ull utan naturleg krøll), sprø beinkva- litet, vedvarande diarè, nedsett motstandskraft mot bakterieinfek- sjonar og blodmangel (anemi). Slik kopparmangel er kjent i Noreg, men utbreiinga er lite kartlagt.
Førebyggjing
På grunn av faren for forgifting, skal ein ikkje gje koppartilskot til sau utan at det er ein klar indikasjon på mangel, og ikkje gje fleire formar for tilskot samstundes. God utgreiing er naudsynt før ein gjer tiltak, helst med prøvetaking av eit utval dyr i besetninga i samråd med veterinær. Enkelte saueraser, som texel, charolais og suffolk, er kjent for å vere spesielt utsett for kopparforgifting. Ein skal vere forsiktig med koppartilskot til slike rasar.
Behandling
Det er lite aktuelt å behandla dyr med klinisk kopparmangel på grunn av faren for forgifting, men når kopparmangel er påvist er det aktuelt å gjere førebyggjande tiltak.
Koppartilskot kan ein gje på fleire måtar, mellom anna som slik- kestein med koppar (inne og ute) eller kopparbolus. Gjødsling med koppar på innmarksbeiter kan vera aktuelt. På sandjord kan effekten av koppargjødsling vare i 10-13 år, medan det i torvjord kan vera naudsynt med årleg gjødsling. Heilgjødsel 18-1-10 produsert av Norsk naturgjødsel kan tilsetjast koppar etter behov (www.natur- gjodsel.no). Ein kan og prøve Coptrac frå Yara, men denne er noko vanskelegare å fordele da ein berre skal bruke små mengder. Ein bør ikkje kalke beitene unødvendig sidan det reduserar opptaket av koppar i plantene.
Selen og vitamin E
Mangel på selen heng ofte saman med mangel på vitamin E. Selen og vitamin E er antioksidantar som vernar cellene mot skadelege stoff som blir laga under eit normalt cellestoffskifte. Mangel vil difor føre til skade på celler og vev, spesielt muskelceller.
Førekomst
Sjukdom på grunn av mangel er mest vanleg hjå unge lam om våren. Selennivået i jordsmonn og planter i Noreg er generelt lågt, både i dyrka gras og ville beiteplantar. Det er risiko for selenmangel i heile landet, men risikoen er størst i innlandsstrok fordi selennivået gene- relt er lågare i innlandet enn langs kysten. Sidan ferskt gras inne- held mykje vitamin E, er det ikkje vanleg med mangel på beite om sommaren. Vitamin E vert lett øydelagt under fortørking og lagring av gras, og innhaldet i grovfôret kan variere ein del. I godt surfôr frå tradisjonell tårnsilo blir vitamin E ganske godt bevart, medan innhaldet er meir variabelt i rundballar. Høy inneheld lite vitamin E, så i besetninger der det blir brukt mykje høy, er det større risko for mangel.
Symptom
Lam frå søyer som har fått for lite tilskot av selen og vitamin E i drek- tigheita kan få muskelskader, såkalla «stivsjuke». Alvorleg mangel fører til daudfødde eller svakfødde lam med skader i hjartemuskula- turen. Dei svakfødde lamma har teikn på hjartesvikt og vil ofte dø i løpet av få dagar. Det er ikkje så vanleg å sjå denne sjukdomsforma som eit besetningsproblem i dag, siden dei fleste søyene får noko mineraltilskot i innefôringsperioden. Når «stivsjuke» oppstår, er det helst hjå lam som er 3-6 veker gamle. Lamma får stiv og skrevande gange og problem med å reisa seg, og dette skuldast skadar i lår- og bôgmusklar. Sjukdommen kjem ofte etter utslepp på vårbeite eller beiteskifte, siden ekstra fysisk påkjenning gjer at trongen for antiok- sidantar aukar.
Frå utlandet er det kjent at selenmangel kan gje redusert tilvekst hjå eldre lam som går på ekstremt selenfattige beite. Det er ikkje undersøkt om ein liknande tilstand opptrer i Noreg. Nokre undersøkingar syner at underskot av selen også kan gje dårleg fruktbarheit og auka førekomst av infeksjonssjukdomar hjå søyer.
Behandling
Lam med stivsjuke kan behandlast med injeksjon av selen og vitamin E.
Førebyggjing
Siden grovfôret inneheld for lite selen og vitamin E til å dekkje behovet, er det naudsynt med tilskot til søyene i innefôringsperi- oden i form av kraftfôr og/eller mineraltilskot. I tillegg tilrår ein å gje ekstra vitamin E-tilskot dei siste 7 vekene før lamming til søyer som er fostertelt til minst 3 lam. Bakgrunnen for tilråinga er resultata frå eit norsk forsøk utført i 2012 som synte at ekstra vitamin E i siste del av drektigheita gav færre daudfødde lam hjå søyer med 3 eller fleire lam. Råmjølka er ei viktig kjelde til vitamin E for lamma. For at råmjølka skal blir rik på vitamin E, er det viktig at søyene får tilstrek- keleg med vitamin E i slutten av drektigheita. Lamma må òg få i seg nok råmjølk.
For å auke seleninnhaldet i grovfôret og beitegraset (innmark) kan selenhaldig kunstgjødsel være aktuelt, for eksempel Fullgjødsel 21-3-8 og OPTI-NK 22-0-12 3S+Se.
Ein skal vere merksam på at selen er giftig i større mengder. Det er difor viktig å vurdere kor mykje selen dyra får i seg totalt om ein gjev fleire typar selentilskot samstundes.
Jod
Jod inngår i stoffskiftehormonet tyroksin som blir produsert i skjold-
bruskkjertelen, og er difor naudsynt for å oppretthalde eit normalt stoffskifte. Jodmangel kan oppstå fordi fôret inneheld lite jod, eller som fylgje av høge nivå av jodbindande stoff (såkalla goitrogener) i fôret. Desse stoffa forstyrrar opptaket av jod, og er særleg vanlege i raps og liknande fôrslag. Kor mykje jodbindande stoff i fôret til sau betyr i Noreg, er usikkert. Selen er viktig for å få omsett jod i kroppen, og alvorleg selenmangel kan difor forverre ein jodmangel.
Førekomst
Det er stor variasjon i jodinnhaldet i jordsmonnet mellom ulike delar av Noreg. Jodmangel opptrer hovudsakleg i innlandet, og det er risiko for mangel hjå sau i innlandsstrøk som ikkje får kommer- sielt kraftfôr eller mineraltilskot som er tilsett jod. I kyststrok er det vanlegvis meir jod i jordsmonnet fordi det blir ført inn frå havet med vind og regn. Ved bruk av korn (til dømes havre) som kraftfôr, skal ein vera merksam på at det er ei spesielt dårleg kjelde til jod.
Symptom
Typiske symptom på jodmangel hjå drektige søyer er kasting seint i drektigheita og/eller mange dødfødde og svakfødde lam. Lam med typiske symptom er svake, har problem med å suge og ofte lav fødselsvekt. Dei er utsett for nedkjøling fordi dei har lite ull og problem med å regulere kroppstemperaturen. Lamma kan ha unormal oppførsel på grunn av mangelfull utvikling av nerve- systemet. Dødfødde og svakfødde lam kan ha forstørra skjold- bruskkjertel («struma»), og dette er eit sikkert teikn på jodmangel. Jodmangel kan óg påverka tilveksten til lamma.
Jodmangel gjev sjeldan sjukdom hjå vaksne dyr, men kan gje mang- lande brunst, tomme søyer og lave lammetall hjå søyene, og nedsett kjønnsdrift og sædkvalitet hjå vêrane. Jodmangel kan óg føre til nedsett mjølkeproduksjon.
Behandling og førebyggjing
Sjuke lam kan bli behandla med dosering av jod i munnen. For å rette opp mangeltilstanden i ein flokk der jodmangel er påvist, er det aktuelt å tilføre ekstra jod til søyene i tillegg til kraftfôr og mineraltil- skot, for eksempel ved spraying på fôret. Jodmangel kan førebyggjast ved å gje kommersielt kraftfôr og/eller mineraltilskot til søyene i innefôringsperioden.
Jarn
Jarn inngår i dei raude blodcellene og er naudsynt for transport og
utnytting av oksygen i kroppen. Jarnmangel fører til at dyra blir blod- fattige (mangel på raude blodceller). I Noreg er det teikn på at lite jarn kan spela ei rolle ved såkalla laupemagesjuke («gastropati») hjå lam ved 2-5 vekers alder. Det kan ha samanheng med at jarnman- gelen får lamma til å ete forureina talle eller jord, som igjen fører til unormal bakterievekst i laupen.
Førekomst
Mange lam er litt blodfattige som følgje av mangel på jarn ved 2-3 vekers alder fordi mjølka inneheld lite jarn samstundes som behovet er høgt i denne perioden. Som regel førar ikkje dette til sjukdom hjå lamma, og dei får i seg jarn når dei byrjar å ete gras og jord frå beitet. Men i flokkar der sauene blir haldne innomhus dei første vekene etter lamming, og hjå kopplam på mjølkefôring som vert haldne inne, kan lamma utvikla jarnmangel som gjev auka risiko for laupe- magesjuke. Jarnmangel er ikkje noko problem hjå vaksne sauer og hjå lam som går på beite, sidan grovfôr og beitegras inneheld rikelig med jarn.
Symptom
Jarnmangel med påfølgjande blodmangel (anemi) kan gje bleike slimhinner, dårleg tilvekst og nedsett appetitt og immunforsvar. Dyra får unormal appetitt, og det kan resultere i at dei et jord for å dekkje behovet for jarn.
Behandling og førebyggjing
Unngå lang innefôringsperiode etter lamminga så langt det er mogleg. Ved besetningsproblem med laupemagesjuke, kan det være aktuelt å gje førebyggjande jarntilskot til lamma i løpet av fyrste leveveke, helst dosert som injeksjon.
Sink
Sink er naudsynt for at mange av prosessane i cellene skal fungere normalt. I forsøk med låge sinkmengder i fôret til lam, får ein redu- sert appetitt og tilvekst, redusert produksjon av sædceller, tap av ull og endringar i huda (fortjukka hud med sprekkar). Sinkmangel hjå sau i Noreg er sjeldan, men ein kan ikkje utelukka at det kan føre- koma under visse tilhøve, helst i samband med mangel på andre mineral som kobolt og koppar. Beitegras og grovfôr over heile landet inneheld stort sett nok sink, og sauene tek opp sinken svært effek- tivt. Lauv inneheld rikelig med sink, så dyr på utmarksbeite vil ikkje komme i mangel. Nokre målingar har vist litt låge nivå på enkelte grasbeite ved kysten, men det har ikkje blitt bekrefta at dette har ført til mangel hjå dyra.
Mangan
Manganmangel er knapt nok påvist i Noreg, og grovfôr og beitegras inneheld meir enn nok til å dekkje behovet. Mangan blir og tilsett i kraftfôr og mineralblandingar. Manganmangel kan til dømes gje redusert fruktbarheit hjå sau.
ViTaMin
Vitamina kan delast i to grupper, feittløyselege (vitamin A, D, Eog K) og vassløyselege (vitamin B og C). Hjå sau er det vanlegvis berre vitamin A, D og E som må tilførast gjennom fôret. Mikrobane i vomma produserer vanlegvis tilstrekkelige mengder av dei andre vitamina til å dekke sauen sine behov, så lenge byggesteinane finst i fôret og vomma har ein normal mikrobeflora. Mangel på vitamin B1, B12, D og E betyr mest for sau her i landet.
Vitamin A
Vitamin A er viktig for vekst, for skjelettet, reproduksjon og for synet. Mangel på vitamin A kan gje vekttap, nedsett immunitet, dårleg nattsyn og nedsett fruktbarheit. Beitegras og grovfôr inne- held vanlegvis rikelig med karotener som vert omdanna til vitamin A i kroppen, og mangel er sjeldan hjå sau i Noreg. På fôring med gammalt, brunt og turt høy utan tilskotsfôr kan innhaldet vere lågt.
Vitamin B1
Mangel på vitamin B1 (tiamin) fører til sjukdommen hjernebarksår
(CCN). Tiamin er naudsynt for omsetting av karbohydrat og normal funksjon av nervesystemet og musklar.
Førekomst
Hjernebarksår førekjem heile året, men er mest vanleg på innefôring og helst hjå unge dyr. Mangel førekjem ved meltingsforstyrringar i vomma, til dømes ved at tiaminproduserande mikrobar døyr ut. Mangel på mat og drikke i 1-2 dagar, bråe fôrskifte og kraftig fôring kan utløysa sjukdommen. Nokre planteslag, som kjerringrokk og einstape, inneheld stoff som bryt ned tiamin.
Symptom
Symptom er diaré, uro, nedsett syn, og sauen vert liggande flatsides med hovudet bakover og strekte bein.
Behandling og førebyggjing
Behandling med tiamin (injeksjon) på eit tidleg stadium har ofte god effekt.
For å førebyggja sjukdom er det viktigaste å sørge for at dyra har velutvikla og stabil vomfunksjon. Endringar i fôringa må gjerast gradvis, så mikrobane i vomma får tid til å tilpasse seg. Tilstrekkelig fiberinnhald i fôret er gunstig fordi det motverkar meltingsforstyr- ringar i vomma.
Vitamin B12
Vitamin B12-mangel er eigenleg mangel på kobolt og er omtala under koboltmangel.
Vitamin D
Vitamin D-mangel er nært knytta til kalsium og er omtala under kalsiummangel.
Vitamin E
Vitamin E-mangel heng ofte saman med mangel på selen og er omtala der. Tabell 1 gjev ein oppsummering av dei vanlegaste mangelsjukdommane hjå sau.
Lurer du på noe, søk her